
Olav Luksengård Mjelva: fele og hardingfele
Fødd: 1983
Oppvaksen: Røros
Er høg og mørk. Ein av våre fremste felespelarar, både på vanleg fele og hardingfele, og er klasse A-spelemann på begge instrument. På Landskappleiken 2008 vann han finalen i spel hardingfele kl. A, og vart også årets "Fanitull" og Nordisk meister i solospel. Han har konsentrert seg særleg om tradisjonsmusikken frå Røros og Hallingdal, men svingar innom dei fleste sjangrar om det trengst. Denne frie innstillinga tilmusikken har teke Olav med på mange musikalske prosjekt også utanfor den norske folkemusikken, og gjort han til ein spanande komponist ogarrangør. Olav er elles ein perfeksjonist og elskar å putte inn små detaljar i musikkentil SVER. Han er ekspert på å produsere finurlege andrestemmer. Olav har studert ved folkemusikkstudiet i Rauland og ved utøvarstudiet ved Ole Bull Akademiet. No jobbar han frilans med ulike prosjekt, og er sjef for Vinterfestspillene på Røros.
Diskografi:
2009
Olav Luksengård Mjelva ”Fele/hardingfele,
Røros/Hallingdal”
2009 Stein Torleif
Bjella”Heidersmenn”
2009 Ørnulv
Snortheim”Kangelen”
2008 Dagfinn Hansen”Alene”
2008
Anders Thunell og Olav L. Mjelva ”Hemlängtan”
2008 Peder Persson "Bit fôr bit"
2007 John Ole Morken "Slåtter fra Hessdalen, Haltdalen og Ålen"
2007 Kirsti Sæther og Jo Ryen "Julefred"
2007 SVER "Sver"
2007 NRK "Hallingtimen"
2007 Vømlingan "Vømmølminner"
2006 Søndre Trondhjems spellmannslag "Den e grei, ja..."
2001 Arnold Langøien "Det hørtes en sang"
2000 Glåmos Spellmannslag "Milla Sextus og Sulhus"




